Utstilling

25.11.2016

Utstilling på Fosnavåg Brygge

I november månad tek Trond Espeseth del på enno ei lokal utstilling i Fosnavåg sentrum, rettare sagt på Fosnavåg Brygge, i 2. etasje. Saman med eit utval lokale kunst- og handverkarar i Herøy kommune.

 

Det Trond Espeseth stiller ut her er gjort med kölstift på papir. Han har også med to seriar i digitalkunst, der tre samhøyrande kunstverk er framstilte på lerret med digitaltrykk.

Kvarv

Biletet ovanfor syner tre kunstverk som er tilgjengelege. Desse er framstilt ved hjelp av kolstift på papir.

 

Besøk utstillinga på Fosnavåg Brygge:

Fredag 25/11 kl.17-21.

Laurdagane 26/11, 3/12 og 10/12 kl.11-16.

19.11.2016

Første offiselle utstilling

Den første offisielle utstillinga for Trond Espeseth finn stad i Waage-huset i Fosnavåg, som ein del av ei felles førjulsutstilling for lokale kunstnarar i Herøy kommune.

 

Trond Espeseth har utstilt 5 (7) kunstverk. Fire av desse er kölstift på papir, og bêr namna "Frigjord", "Traust", "Nedkvark" og "Botnkvark". Det siste bêr tittelen "49.98.147.294" og er digitalkunst, der tre samhøyrande kunstverk er framstilte på lerret med digitaltrykk.

Kvarv

Ovanfor er eit utsnitt frå kunstverket "Nedkvark", framstilt ved hjelp av kolstift, på papir.

 

Besøk utstillinga i Waage-huset:

19/11 kl.12-15, 20/11 kl.12-14,

25/11 kl.18-20, 26/11 kl.12-16,

27/11 kl.16-18.

EKSTRA: 3. og 10. desember (kl.12-15).

12.11.2016

Privat visning

For utanom annonserte utstillingar kan ei privat visning gjerast etter avtale med kunstdesignar Trond Espeseth.

Kvarv
ikon

Trond Espeseth